Det gløymde trugsmålet

Av Øyvind Strømmen, Frilansjournalist

Natt til 14. juni 1985. Det er berre nokre dagar igjen til Eid al-Fitr, tredagarsfesten som markerer slutten på fasta. Til vanleg er mange samla i kjellaren på Ahmadiyya-moskeen Normoské i Frognerveien i Oslo, men akkurat denne kvelden har mange samla seg i ei privat leiligheit på Holmlia istadenfor. Kjellaren står tom. I andre etasje ligg familien Samid og søv. Dei gjestar vener i Noreg og har berre vore fem timar i landet.

Familiemedlemmer av familien til forstandar Kamal Yosuf er også i moskeen. – Eg vakna av eit kraftig smell. Fyrst forstod eg ingenting, men etterkvart forstod eg at det kom frå kjellaren, seier sonen i familien, Jalal Yosuf, til VG dagen etter. Det var ei bombe som hadde gått av. Familien kom frå det med skrekken. Det gjorde også Abdulla Sesay, folkehøgskuleeleven frå Sierra Leone som sov i fyrste etasje slapp – som ved ei mirakel – også unna. Det kunne ha vorte eit blodbad. Men det vart det ikkje.

Tidleg vert det spekulert i at det kan vera interne motsetnader i det muslimske miljøet i Oslo som ligg bak, ahmadiyyamuslimane er ei gruppe som har opplevd mykje hets og mange angrep, og bombeåtaket i Oslo føyer seg slik sett inn eit mønster. Andre spekulerer i at våpen og sprengsstoff har vore lagra i moskeen. – Politiet har stilt meg same spørsmålet, seier den norske ahmadiyyamuslimen Truls Bølstad, ein av dei leiande representantane i menigheita til VG.

Men det var ikkje andre muslimar som stod bak. Det var nittenåringen Ole Kristian B. Eitt bilete frå rettssaka i februar 1986 viser den unge mannen. Han har lyse klede, og kort hår, og står tiltalt i saka – saman med fire andre medlemer i den høgreekstreme gruppa Nasjonalt Folkeparti. Nittenåringen blir dømd til fem års fengsel. Han sonar tre og eit halvt. I løpet av tida i fengsel går det opp for han kva han har vore med på. I eit intervju med Aftenposten i 1994 fortel han at den største fara med dei høgreekstreme miljøa er at du lett vert isolert, og at du ikkje får korreksjonar frå verda utanfor.

– Eg samanliknar det med ekstreme religiøse grupper, der foreldre må kidnappa son eller dotra si for å få dei vekk frå miljøet. Slik er det i den nasjonalistiske rørsla også. Du vert fullstendig sugd opp og mister alle motførestillingar. Miljøet tilbyr deg ein ideologi som gjer at du slepp å tenkja sjølv, seier han.

Noreg har ikkje opplevd mange terroråtak. Men bombeåtaket mot Normoské var verken det fyrste eller det siste før 22. juli. I 1977 vart Oktober bokhandel i Tromsø bomba. Tilfeldigheiter gjorde at liv ikkje gjekk tap. To år seinare kastar ein ung nynazist ei bombe mot 1. mai-toget til Faglig Front i Oslo. Ein mann vert alvorleg skadd. Begge gongar var det høgreekstremistar som stod bak. Gjerningsmannen bak åtaket på 1. mai-toget var  Petter Kristian Kyvik, som var sentral i norske høgreekstreme miljø i ei lang årrekke etter dette.  Høgreekstreme stod også bak ei rekkje påsatte brannar i asylmottak på åtti- og nittitalet. Utover dette finn ein også drap og mindre valdsepisodar, hendingar som kanskje ikkje kan definerast som terrorisme, men som definitivt syner høgreekstremismen sitt valdspotensiale.

Av islamistisk terrorisme har me opplevd langt mindre; attentatforsøket mot William Nygaard i 1993, skytinga mot synagoga i Oslo i september 2006, påståtte terrorplanar avslørt i 2010. Det er – kort fortald – høgreekstrem terrorisme som har vore den vanlegaste i Noreg. Sjølv om det langt frå tyder at høgreekstreme har vore åleine om å ty til politisk motivert vald i Noreg, og sjølv om det langt frå tyder at ikkje andre grupperingar er ein del av trusselbilete, er det grunn til å spørja seg: Kvifor har me hatt ein blindflekk i høve den høgreekstreme terroren? Det er trass alt den me har hatt mest erfaring med.

September 2006. Ni unge menn vert arrestert i Danmark. Det vert gjort funn av kjemikaliar og stålsplintar, eigna til bombeproduksjon. Seinare vert tre dømde. Leiaren av gruppa vedgår å ha laga sprengstoffet TATP, triacetontriperoksid. Dei terrordømde var utvilsamt påverka av radikal islamisme. Same kveld som arrestasjonane i Danmark vart det debattert på fjernsynsprogrammet Tabloid om noko slikt kunne skje i Noreg. Fokuset på denne saka varte ei heil stund, naturleg nok. Saka fekk mykje merksemd i mange land.

Ikkje mange dagane etter arrestasjonane i Danmark gjekk terroralarmen også i Belgia. Ei rekkje unge vaksne vart arrestert, og i politiradi fann ein ei heimelaga bombe, ulike typar sprengstoff, skotsikre vestar, gassmasker, jaktvåpen, narkotika og propagandamateriale. Medan islamistar i 2002 hadde planar om å bomba militærleira Kleine Brogel var same militærleir denne gongen ein av staden der politiet gjekk til aksjon. Fleire av dei arresterte var soldatar i det belgiske forsvaret. Ei gruppe rundt den yrkesmilitære Thomas B. var mistenkt for terrorplanar. Dei høyrde til ei høgreekstrem, nynazistisk gruppe. Saka var knapt nemnd i norske media, og fekk lite merksemd også internasjonalt. Israelske og tyrkiske media høyrde interessant nok til blant unntaka, men dei som studerer liknande saker vil ikkje ha vanskeleg for å få auge på eit mønster. Heller ikkje ei bombe som gjekk av på ein asiatisk marknad i august 2006 – eit terroråtak som drap elleve menneske – fekk særleg dekning i norske media. Islamistisk motivert terror har fått betydeleg merksemd. Høgreekstrem terror har ikkje fått det. Ikkje før 22. juli 2011.

Sakte, men sikkert oppstod eit mantra: Alle muslimar er ikkje terroristar, men alle terroristar er muslimar. Det var rein løgn, og ofte ein del av hatpropaganda, men det sank inn hjå mange. Rapportane om dei mange sunniislamistiske terroråtaka i land som Irak, Afghanistan og Pakistan sementerte inntrykket. Mange vart kjende med namn som Abu Musab al-Zarqawi. Få hugsa David Copeland, den britiske terroristen som plassert tre spikerbomber retta mot innvandrarar og homofile i London i april 1999. Copeland sine bomber drepte tre, ei av dei ei gravid kvinne. 129 vart såra.

I 2007 skriv Shoaib Sultan og Øyvind Strømmen (underteikna) ein artikkel om høgreekstrem terrorisme i Samtiden. Artikkelen kritiserer blant andre Hallgrim Berg for å ha oversett den høgreekstreme terroren. I ein kronikk i Dagbladet tidlegare same år hadde Berg skrive at “det som er felles for samtlege anslag mot USA, er at det er islamistiske terroristar som står bak”. Han oversåg det neste-største terroråtaket på amerikansk jord nokonsinne, bombinga av Alfred P. Murrah-bygningen i Oklahoma City 15. april 1995. 168 mennesker ble drept. Gjerningsmannen var høgreekstremisten Timothy McVeigh.

Hallgrim Berg svara: “[Strømmen og Sultan] går inn i gruppa av skribentar som er det som ei oppgåve å minimalisere negative utslag av den (synlege) islamistiske terrorismen, men som tilsvarande å maksimalisere den (usynlege) trusselen frå det dei kallar ‘høyre-ekstremismen’”. McVeigh vert bortforklart som ein “stoffvridd einstøing”. Lesarinnlegget heiter “Åndeleg terrorisme frå Strømmen og Sultan”, og Berg meiner at Samtiden tydelegvis ikkje har stilt kvalitetskrav då dei slapp artikkelen “De usynlige terroristene” på trykk.

Gåsauga rundt ordet “høgreekstremisme” får det mest til å verka som om Berg ikkje trur at noko slikt eksisterer. Fire år seinare går ei bombe av i Oslo sentrum. Gjerningsmannen dreg vidare til Utøya, og utfører noregshistoria sitt største massedrap. Den største terroraksjonen i Noreg nokonsinne er eit faktum, og igjen er det ein høgreekstremist som står bak. Han er inspirert av bloggaren Fjordman, som lenge har teikna opp eit dystert bilete av eit Europa som er eller i ferd med å verta okkupert av muslimar, eit bilete der sentrale europeiske politikarar er landssvikarar, skuldige i det største sviket i historia. Fjordman er ei av kjeldene i Berg si bok “Amerikabrevet”.

Men enkelte vel raskt å avfeia terroristen som ein “stoffvridd einstøing”. Slik det plar å vera.

Artikkelen er tidligere publisert på Øyvind Strømmens blogg, oyvindstrommen.be traktninger